Under sakprosafestivalen «Verden i Bergen» i november blei fire forfattarar frå fire språkområde inviterte til å skrive kvar sin tekst med utgangspunkt i festivalens tema «usynlighet». Dette er bidraget til den argentinske journalisten Leila Guerriero.
Klokka var åtte om kvelden – kanskje meir. Eg hadde sete hos han sidan klokka tre om ettermiddagen – kanskje lenger.
Mannen – ein argentinsk musikar som hadde vore popstjerne på 70-talet – sat i ein brei sofa i stova. Det var tredje eller fjerde møtet vårt, og i fem timar hadde denne musikaren sete og lagt ut om livet sitt på eit hårreisande detaljnivå: Om han kom i hug ein samankomst med ti vener, ramsa han opp namnet på kvar og ein av dei, fortalde korleis dei gjekk kledde, og etterlikna måten dei snakka på; om han kom i hug ein konsert frå 1975, starta han med å minnast namnet på hotellet dei budde på, og lenge etter avslutta han med å fortelje kva dei hadde hatt føre seg backstage. Viss eg kom til å stille eit kjapt spørsmål, svara han med ei lang forteljing som breidde seg ut som ei ustyrleg elv – raus og, eg må få sagt det, utmattande.
For eg var i ferd med å krepere av svolt.Les essayet Korleis forsvinne heilt (publisert i Prosa 6, desember 2015)