om Traduttoria

Traduttoria kan hjelpe deg med kommunikasjonsrådgjeving, tekstarbeid og omsetting frå spansk og engelsk til norsk (bokmål og nynorsk). Traduttoria.org er nettstaden og bloggen til Bente Teigen Gundersen.

Ønskjer du å omsette ein tekst frå spansk til norsk? Ønskjer du å profilere deg  for målgrupper i Spania og Latin-Amerika? Vil du lage nye nettsider for ditt spansktalande publikum? Då kan eg hjelpe deg.

Kontakt meg for ein samtale om korleis me kan samarbeide eller uforpliktande pristilbod.

Bente Teigen Gundersen
Traduttoria Text and Translations
org.nr. 996985946
E-post: post(at)traduttoria.org

Om meg
Bente Teigen Gundersen er frilans omsettar (spansk/engelsk>norsk (bokmål og nynorsk), filolog og kommunikasjonsrådgjevar med humaniora, webkommunikasjon, internasjonale relasjonar og høgre utdanning/forskning som spesialfelt. Gundersen har meir enn ti års erfaring som språkarbeidar, omsettar og kommunikasjonsrådgjevar. Ho har studert og arbeidd både i Noreg og utlandet.

Utdanning
Bente Teigen Gundersen er cand.philol. frå Universitetet i Bergen med hovudfag i spansk språk og latinamerikastudier. I fagkrinsen har ho også fag som litteraturvitskap og sosialantropologi. Ho har òg gjennomført ei toårig forskarutdanning innan lingvistikk ved Universidad Complutense i Madrid (ph.d.-nivå) og studert strategi ved Handelshøgskulen BI.

Erfaring
Frå 2006 to 2010 arbeidde Gundersen som kommunikasjonsrådgjevar ved Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) i Bergen. Ho hadde fagleg ansvar for internasjonal profilering av Noreg som studie- og forskingsland og var mellom anna redaktør for nettportalen www.studyinnorway.no og publikasjonar på diverse språk. Tidlegare var ho presse-, informasjons- og kulturmedarbeidar ved den norske ambassaden i Madrid i seks år. Ved ambassaden var ho redaktør for Noregsportalen i Spania www.noruega.es og mediekontakt. I tillegg jobba ho med omsetting og kulturformidling.

Spesialfelt
Webkommunikasjon og innhaldslokalisering, profileringsmateriell, omdømmebygging, journalistikk, media, sosiale medium, reklame, PR, film, TV, fotografi, høgre utdanning og forsking, folklore, lingvistikk, litteratur, lyrikk, fraseologi/ordtak/faste uttrykk,  offentleg forvalting, utviklingssamarbeid/bistand, samfunnsvitskap, undersøkingar, reiseliv/turisme.