omsetting

Tenester

Spansk/engelsk > norsk (bokmål/nynorsk)

Traduttoria hjelper deg med å omsette dei fleste typar tekst frå spansk til norsk (bokmål eller nynorsk). Målet vårt er å skreddarsy kjeldeteksten din til målgruppa. Etter mange års erfaring med kommunikasjon, legg me særleg vekt på målgruppenetenking og på at du skal kommunisere så korrekt og stilsikkert som mulig.

Norsk > spansk

I visse tilfelle kan me omsette norske tekstar til spansk. Når spansk er målspråk blir teksten alltid kvalitetssikra av ein omsettar med spansk som morsmål.

Språkteknologi

Traduttoria legg vekt på å bruke riktig terminologi og eit språk som er tilpassa målgruppa. Difor bruker me mange forskjellige ordbøker, terminologidatabasar og CAT-verktøy som Trados og Wordfast. Traduttoria handterer dokument i dei fleste format og har erfaring med Desktop Publishing og diverse CMS-plattformer som eZ Publish og verktøy som WordPress.

Etiske retningslinjer
Omsettar er ikkje ein verna tittel. Eg jobbar etter dei profesjonelle retningslinjene etablert av verdas største omsettarportal Proz.com.

Har du spørsmål eller ønsker du eit uforpliktande pristilbod?
Kontakt meg på post(at)traduttoria.org