Contemporary Theatre Speaking (CTS) er eit spanande utvekslingsprosjekt kor eg har delteke som omsettar av to spanske samtidsdrama.
Dei spanske skodespela vart opplesne på Dramatikkens Hus i Oslo i mars 2014. I mai får teaterentusiastar i Madrid oppleve Jon Fosse og Marit Tusvik sine skodespel “Eg er vinden” og “Ishuset” på spansk.
“Mery Monark”
I det symbolsterke skodespelet til Ana Fernández Valbuenas kryssar livsvegane til fire kvinner kvarandre i Tijuana. I den mexikanske grensebyen flyktar menn og kvinner nordover, mens dei som blir verande må forhalde seg til narkobaronar, brutal vald og fattigdom. Valbuena skildrar kvinnenes fortvilelse, dilemmaer og lengslar i eit rått og bilderikt teaterspråk.
“Min sjel et annet sted”
José Manuel Mora manar i sitt stykke fram bilder av eit steinhus, ei olivenlund, eit solbrent landskap i Sør-Spania. Vi møter to menn, to kvinner, eitt barn – og hundre gamle og syke villhunder; ti år med tett samanknytta skjebnar, i ein familie som byggjer på alt anna enn kjærleikesband. «Det er mulig å leve med vekta av en mørk fortid og likevel skape noko vakkert – for venleik kan være både bisarr og smertefull», seier Mora om Min sjel et annet sted.
Eg har ei elv inni meg og ho fløymer over
Frå arrangementet på Dramatikkens hus
Les om CTS Les meir om CTS